Nye Duster

Nye Duster

En ekte SUV!

Les mer om Nye Duster

Velkommen til Kvinnherad Bil & Teknikk AS

Sidan 1997 har vi drive med salg av nye og brukte bilar i Sunnhordlandsregionen. Vi veit at vår lange erfaring og allsidige kompetanse gjev tryggleik i val av oss som leverandør av bil. Vi har over tid opparbeida eit spennande utvalg av nye bilar, og fører no både personbilar og varebilar i alle klassar.

Vi har jobba for å tilpasse vårt utvalg av nye bilar for å kunne tilby det mest komplette utvalg av modellar i regionen, og har i dag salg av Suzuki personbilar, Renault person- og varebilar, Isuzu person- og varebilar og Dacia personbilar. Dette meiner vi gjev deg som kunde eit stort utvalg av svært spennande bilar å velge frå, uavhengig om du ser etter personbil eller varebil i ulike størrelsar. No finn du og elektriske personbilar og varebilar i vårt utvalg!

Vårt firma har eit omfattande tenestetilbud, og er i dag å rekne som ein totalleverandør innan bilar og vedlikehald. Vi oppdaterar og tilpassar oss stadig til nye krav og etterspurnad i marknaden, og er i dag stolt over å kunne tilby følgande til våre kundar innan både privatkundar og kundar innan offentlig sektor:

  • Salg av nye bilar frå Suzuki, Renault, Isuzu og Dacia

  • Salg av nyare brukte bilar med tilstandsrapport

  • Tilbud av finansieringstenester, inkludert privatleasing

  • Komplett servicetilbud for bensin, diesel og elektriske bilar

  • Sjekkpunkt bilverkstad for vedlikehald og reparasjonar av alle bilmerke

  • Utleige av nyare bilar på kort- eller langtidsleige

Vår salgsavdeling for nye og brukte bilar finn du i flotte lokaler ved Hellandsbrua på Husnes.